Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Fibernytt for januar og februar 2003

Her er du no :: www » nn » blogg » 2003 » etter Egypt

Denne aktueltsida spinn vidare på ting som hende i fjor.

Fritid

Ferien i Egypt i desember 2002 gav meg ei kraftig forgifting. Legen fann ikkje ut kva det var, og utan diagnose ingen medisin. Eg var heilt utafor. Etter 14 dagars sjukemelding prøvde eg å jobbe igjen, men måtte gje meg etter tre dagar og gå i ny sjukemelding. Slitsamt!

Midt oppe i det heile skulle eg skrive ei obligatorisk heimeoppgåve i Samisk kulturkunnskap. I ettertid ser eg at teksten sprikjer, men i Bjørneboe si ånd har eg likevel lagt honom ut her. (Uvant å skulle skrive når kroppen krev all merksemd, du.)

Endeleg tilbake på jobb var eg på Seminar om lys. Norske kunsthandverkarar i Sør hadde teke initiativet til seminaret, mens Bomuldsfabriken stod for val av foredragshaldarar og den praktisk gjennomføringa. Brukbar kjendisfaktor både på deltakar- og forelesarsida. Nokre av forelesarane var vitskapsfolk, andre var utøvarar. Lysdesignaren Knut Hermansen snakka til dømes om undervass-skulpturen sin i Ny-Hellesund. Professor Gunnar Danbolt forelas over emnet Lys i kunsthistoria – 40 minuttar i ekspressfart – Retorikken var så fengjande at eg umiddelbart vurderte å studere kunsthistorie i Bergen.

Etter foredraget til Danbolt stussa eg litt over at det er rart at eg er så fascinert av det førmoderne. Kanskje på tide å ta fascinasjonen på alvor og melde seg inn i Norsk selskap for 1700-tallsstudier, for betre å forstå grunnlaget for nasjonsbyggjinga på 1700- og 1800-talet?

Som ei motvekt gjorde eg nyleg to mindre miksejobbar for Darling Daizy frå Fevik – eit kult band som gjerne vil ha meg med på lyd på nokre jobbar utover våren. Eit fint høve til å eit band på veg opp, men litt for lite pengar ...

Meire jobb

Etter dramatiske nedskjeringar i Grimstad kommune sist haust gav rådmannen oss tilsette eit lite seminar under tittelen "Meg sjølv som ressurs" for å motivere oss. Torleif Lundqvist ga oss "eit påfyll til vår indre kjelde." Tema for dagen var:

  • Forventningar
  • Innvirkning på åtferd
  • Helse og trivsel
  • Vi er det vi tenkjer
  • Tilbakemeldinger
  • Korleis blir påverka/påverkar du omgivnadene dine
  • Merksemd og sjølvbilete
  • Ansvarsmedvit
  • Å ha hovudrolla i ditt eige liv
  • Inspirasjon og motivasjon

Ganske enkle saker som det er naudsynt å ta om att med jamne mellomrom. Vanlegvis skal eg vere nøytral i forhold til dei kunstnariske prestasjonane på scenen eller lerretet – mi oppgåve er jo å vere tilretteleggar og mellommann – men seminaret var jo mynta på oss tilsette og er vel verd nokre tankar:

Motivatøren (eller inseminøren) var særs folkeleg, flørta vilt med publikum, lokka folk med seg ved hjelp av døme som alle kunne kjenne seg att i – krydra med småspennande historier om barn og avhengnad og sex og sånn – og fekk oppglødt 400 tilsette, venteleg i rett retning. Etterpå sat eg og lurte på om eg hadde vore på vekkingsmøte, stand-up-show eller, faktisk, var blitt inspirert. Tja, tidvis krev jobben ein god porsjon galgenhumor, så all moro er vel av det gode.

Eit par lokale tilskiparar gjer sitt beste for å øydeleggje sceneriggen og det tekniske utstyret, med følgjande syltynne bortforklaringar – Gud, gje meg styrke! – så det er nok å henge fingra i. Heldigvis er Riksteatret no på veg inn med sine vårturnéar og proffe folk.

* Meg framfor sphinxen ved Kairo :: Lenkje til reisebrev frå Egypt, desember 2002

Foto © Øyvind Haaheim!

On Line-reisebrevet frå Egypt er no flytt til livetdelen av vevstaden. Livet er ein ny del som skal utfylle aktuelt- og cv-sidene.

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no