Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Fibernytt for hausten og årsskiftet « blogg [nn]

Her er du no :: www » nn » blogg » 2002 » 2002-2003

Fibernytt :: Haust

Teksten på denne aktueltsida spinn vidare på ting som hende tidlegare i 2002.

Arbeid

Jobben ved kulturhuset er grundig beskriven tidlegare, ingen vesentlege nyheiter sidan sist. Stadige samanbrott og justeringar på kinosida gjer at vi kan by gjestene våre betre lyd, tydelegare bilete, hyppigare visingar og betra komfort – for vi løyser problema. Vi har òg betra innteninga på utleige av lokale til møteaktivitet og scenekunst. (Litt meir om jobben finn du i avsnittet scenekunst nedanfor.)

Målarkunst og kulturarv

På seinsommaren hadde Bomuldsfabriken Kunsthall ei utstilling med japansk fotografi. Inspirert av den sterke opplevinga la eg i slutten av september ut på ein kort og hektisk kulturrunde i Søraust-Noreg – og fekk flotte opplevingar på rekkje og rad.

Første stopp blei eit høgdepunkt innan kunst i år; eit besøk på Kistefosmuseet på Jevnaker. No i 2002 var hovudutstillinga "Tonane til seljefløyta. Fleskum-målarane" med nyromantikk. Bilete av Harriet Backer, Kitty L. Kielland, Gerhard Munthe og Erik Werenskiold med naturskildringar som gjekk rett til hjarte på meg. Eilif Peterssen var tematisert med ei rekkje variantar av same motiv. Eit ikon i norske målarkunst, Christian Skredsvig sitt bilete 'Guten med seljefløyta' frå 1889, kunne sjåast "live" i Noreg for første gong på lenge.

I 2001 hadde Kistefos ei utstilling med I.C. Dahl, kongen av norsk romantisk målarkunst og den første norske målar. Da viste dei eit bilete som ikkje hadde vore i Noreg på fleire tiår. Både kunsten dei presenterer, dei flotte bygningane, området ved fossen, vaflane og stemninga på staden anbefalast. (Etter Svalbard er eg blitt glad i norsk natur, og ikkje minst skildringar av naturen.)

Dagen etter starta med eit gjensyn med Eidsborg stavkyrkje frå 1200-talet, med frukost på storslåtte Dalen Hotel etterpå. Begge ligg i Tokke kommune i Vest-Telemark. Eigentleg var eg på veg til Rygnestad-tunet for å sjå mellomalderbygningane der med eigne auge. Men undervegs kom eg over det vakraste stabburet eg nokon gong har sett. Det står på det freda Grimdalstunet, ved Riksvei 45 frå Dalen og over til Setesdal. Stabburet var godt bevart og rikt dekorert – verkeleg ei perle i norsk kulturarv! Tunet rommar elles både låve, løer, loft, eldhus, jordkjellar og våningshus. Rygnestad imponerte òg med dei store bygningane, men kom litt i skuggen av overraskinga på vegen dit.

[ til toppen ]

Tre veker seinare var eg i Kristiansand for å ta ein kaffi på Laura's Coffee Bar. (Eg våger påstanden: Dei er best på kaffi i Agder!) Som vanleg tok eg ein runde i byen for å sjekke utstillingane, og denne gongen hadde eg flaks. På Christianssands Kunstforening, vis-à-vis Laura's, hadde Mette Tronvold ein ny portrettserie med foto av folk i heilfigur. For nokre år sidan såg eg ein tidlegare variant i Trondheim Kunstforening, så temaet var ikkje nytt, men fotografi i så stor skala er fascinerande.

Våren 2002 skipa Sørlandets Kunstmuseum til BIENNALE SYD med utstillinga Crossing Borders. Ruth Spaak hadde nokre flotte skulpturar/installasjonar: kjolar laga av kabelstrips, plastikkhaldarar til sekspakningar, den greia som du dreg i når du opnar aluminiumsboksar med drikke, gummipakningar og liknande materialer. Eg blei litt sett tilbake av å sjå at avantgarde frå åttitalet no er institusjonalisert, men synst likevel at estetikken heldt.

No i haust hadde Talleiv Taro Manum ei utstilling med fotografi og skulptur i kunstforeininga. Utstillinga var nærmast ein hyldest til den avlidne hunden hans, med foto av bikkja i ulike kvardagssituasjonar, litt tableau vivant, til og med skinnet av bikkja låg oppi ei kiste.

Talleiv leiker seg med bonderomantikk og norske ikon, gjerne sett i scene i litt slitne omgivnader, noko à la La'mon eller Fristaden Christiania. Kombinert med utvalde objekt frå femti- og sekstitalet får det heile eit preg av humor og herleg naivitet.

Scenekunst

Ein del av jobben min er å førebu Grimstad Kulturhus for gjestande aktørar og leigetakarar. (Og å stille alt tilbake og reparere etter at dei har forlate huset.) Til vanleg er det mest teknikarane eg har kontakt med. Eg tek i mot dei på formiddagen og går med dei utover ettermiddagen slik at dei får gjort jobben sin i lokala våre og under dei spesielle forholda som rår på huset.

Innimellom får eg òg sett litt av oppsetjingane. I november fekk eg eit hyggeleg gjensyn med Eugéne Ionesco. Bentein Baardson hadde regissert stykket Den skallete songerinna for Det norske tegnspråkteater. Eg hadde ikkje sett reindyrka absurd teater på ti år så gjensynet med Ionescos overdrivingar og spel på mistydingar var særs moro. At Baardson jobbar med slikt seier kanskje inkvart om at det tidlegare radikale etter kvart er godt innvevd i det etablerte.

Til vanleg har eg ikkje ro over meg til å nyte scenekunsten etter ein lang og tett dag med førebuingar. Men eg får da nokre gløtt av det kunstnariske på prøvar og under førestellingar om kvelden – dersom eg heng rundt på arbeidsplassen utafor arbeidstida. Fleire andre mellomstore produksjonar var òg innom Grimstad i 2002, som til dømes:

  • Rompeguro og julereia – ei juleførestelling for heile familien, av Anne G. Fjeld, Trond Brænne og Guttorm Guttormsen
  • Balladen om Cornelis Vreeswijk, sunge og fortalt av Benny Borg
  • Oslo DanseEnsemble, ODE, koreografi av Wayne McKnight, Jo Strømgren, David Dalmo og Wes Veldink, Riksteatret
  • Ole Brumm og vennene hans-teater, Ole Brumm teater
  • Undset, av Otto Homlung og Tine Thomassen, med Ellen Horn tilbake i storform, Riksteatret/Nationaltheatret
  • Raskolnikov – brottsverk og straff, av Fjodor Mikhailovitsh Dostojevskij, dramatisert av Bentein Baardson og Bodil Kvamme, Riksteatret/Nationaltheatret
  • Dr. Dyregod og den magiske apekatten, av Klaus Hagerup, regi av Aksel-Otto Bull, med Jon Skolmen, Riksteatret
  • Black is Back, Great Garlic Girlish, uoffisiell opning av Nytelsesfestivalen i regi av Rivalen
  • Halvdan Sivertsen, konsert, Viggo Lund Management
  • Annie Get Your Gun, Riksteatret
  • Ettermiddag, av Jon Fosse, Riksteatret
  • Skitt au – sjølv sola har flekker, stand-up med Riksteatret
  • Albert Åberg, av Gunilla Bergström, regi av Stein Kiran, Riksteatret
  • Vildanden, Agder teater
  • Heilt i 100! vekesprosjekt frå Dahlske vidaregåande skole
  • Budeiene på kanten, revy frå Agderkontoret til Noregs Bondelag

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no