Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Sommar og haust :: Sørlandet! « 2002 « blogg [nn]

Her er du no :: www » nn » blogg » 2002 » Grimstad

Kulturstudiar

Våren 2002 tok eg fem vekttal i Musikk, eit fordjupingsfag på andre året på kulturlina i Bø. Å lese fag ved sida av å jobbe gjer litt låg studieprogresjon og litt svake karakterar.

Arbeid og jobb

Jobben min er å koordinere vedlikehaldet av teknisk utstyr på Grimstad Kulturhus. Vedlikehaldet hjelper til å skape gode forhold for leigetakarar – som til dømes kortfilmfestivalen – og er ein føresetnad for stabilitet og tryggleik i dagleg drift. Den andre biten av jobben er å ta imot gjestande teknikarar og tilskiparar og møte deira krav til utstyr og lokale.

Arbeidet omfattar dei fleste fysiske føresetnader for kulturverksemd, frå bygning med tekniske installasjonar, til teaterscene og lyd-, lys- og kinoutstyr. (Meir om jobben og livet elles finn du på eigne sider om kva som skjedde sist vinter, i 2001 og hausten 2000. Attestar og kommentarar på cv-sidene dekkjer fortida.)

Kinodrift er hovudinntektskjelda til Grimstad Kulturhus. Drifta er utfordrande med nedslite utstyr og tronge kår med svakt vedlikehald over fleire år. Filmopplevinga til publikum er no betra gjennom færre filmbrott og eit meir stabilt bilete. Rett før kortfilmfestivalen fekk vi installert ein ny Ernemann 15-maskin, og det er eit mål å skifte ut resten av kinoutstyret. (Vil du vite meir om kinoteknikk så kan du til dømes sjå vevsidene til Espen Braathen. Han skriv enkelt og greit om tekniske forhold.)

Kortfilmfestivalen er ei stifting med eiget styre i Oslo. Sjølve festivalen har vore skipa til her på huset i femten år, og det er både hyggeleg og inspirerande å få vere vertskap for eit internasjonalt filmmiljø nokre dagar. Grimstad Turistkontor handterar logistikken rundt dei tilreisande, mens oppgåva vår er å vere sentrum for hendingane og møte forventningane til tilskiparane.

Vi fekk gode tilbakemeldingar på at forholda var lagt godt til rette for festivalen i år, og eit par styremedlemmer gav òg uttrykk for at diskusjonen om lokaliseringa var over for denne gongen. Vi var ikkje like heldige med veret som i fjor, men alle utandørs tilskipingar gjekk greit mellom regnskurane. Eit lynnedslag gjorde at opningsfilmen starta som stumfilm, men alle slike mindre problem blei hurtig løyst. Som teknikar går ein glipp av mykje av det kunstnarlege innhaldet, men stemninga bak kulissane var god i år. (Himla greitt, altså!)

Fritid

Helga 22-24. juni kjørte eg lyd på to konsertar på ei bule her i Grimstad. Fredag spela Mitch & Friends, og måndag jamma husbandet med gjesteartistar. Fire og eit halvt år sidan sist, og det er moro å mikse igjen. Folk sa at det var grom lyd, og Quarten kan kanskje inspirere til meir lydkjøring. Elles er det jo full sommar, så her skal det badast ...

[ til toppen ]

PS!

1. Bading med mobiltelefon er dumt!

2. Quarten, ja! Rammstein hadde morosame pyroeffektar, og lyden blei målt til 95dB – bak på Idrettsplassen! Hello Goodbye og The Cooper Temple Clause gjorde bra jobbar i Hallen etter midnatt.

3. Sjølv har eg gjort nokre lydjobbar etterpå, og både musikarar og publikum er godt nøgde med lyden. Under Nytelsesfestivalen kjørte eg lyd for Mitch og gutane att. Denne gongen var dei forsterka med eit par blåsarar frå Dahlske, og konserten blei halden på gata utafor Café Galleri. Minimusikk leverer PA til konsertane. Dei gav meg ein digital miksar og ein halv time med opplæring i digital miksing.

* 02R :: Du finn ei lenkje til vevsidene til Yamaha i biletet av miksaren

Eg måtte konsentrere meg om å gjere det enkelt. Etter ei stund demra det for meg at eg ikkje hadde hatt eit så presist lydverktøy mellom hendene før. Overgangen frå analog til digital miksar kan samanliknast med å gå frå elektrisk skrivemaskin til PC som verktøy for tekstbehandling. Miksaren hadde eit vell av førehandsprogrammerte val og lag på lag med moglegheiter.

Uansett teknologi er det øyro og evna til å skape balanse i lydbiletet som tel. Tilbakemeldingane på miksinga er så positive at eg nok kjem til å ha lydkjøring som biinntekt framover. Ny mandagsjam 26. august! (Elles er eitt av sideprosjekta mine å lage lister over dei konsertane eg har hatt lyd på. Førebels har eg eit rimeleg oversyn over Uffa-tida, mens Svalbard-perioden vil bli dokumentert seinare, kanskje.)

NB!

"Illusion – japansk fotografi" blir no vist på Bomuldsfabriken Kunsthall i Arendal, dessverre som einaste utstillingsstad i Noreg og berre fram til september 2002. Motiva er klassisk vakker japansk harmoni ispedd provoserande og overraskande element – originalitet, klisjéar og tett med referansar til andre kunstverk og medier i komposisjonane. Det er òg gildt å sjå at Bomuldsfabriken gradvis blir pussa opp og viser betre og betre kunst.

* Ein datastraum som har gått kokos!

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no