Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Vinter og vår « 2002 « blogg [nn]

Her er du no :: www » nn » blogg » 2002 » Grimstad

Vinter og vår 2001-02

I vinter har eg konsentrert meg om jobben, utvikling av vevstaden og førearbeidet til eit oversyn over alternativ musikk i Trondheim seint på sytti- og opp gjennom åttitalet. Kva eg gjorde i 2001 og hausten 2000 finn du tekster om på eigne sider, mens attestar og eigne kommentarar på cv-sidene dekkjer fortida. Dagbok på veven er fascinerande, og litt BigBrother-aktig, men dessverre har eg ikkje tid til å blogge. I staden kjem ein separat vev-del som tydeleggjer samanhengar og raude trådar i livet.

Arbeid

Heile kulturhuset blei måla utvendig sist haust, vestibylen blei nyleg pussa opp, dører og låsar er overhalte og ny innbrottsalarm installert. No blir branntryggleiken auka, gjennom å betre bygget og å styrkje dei daglege rutinane. Den aktive brannsikringa, i form av alarmar og automatiserte funksjonar, blir overhalt og oppgradert. Setningsskadar er vanlege, og bygget og branncellene blir ettertetta. Kontrollen omfattar føring av kablar, vassrør, avløp og ventilasjon gjennom vegger, tak og golv. Arbeidet blir utført av spesialistar, og vi legg til rette slik at dei kan få gjort jobben utan å kome i vegen for drifta av huset.

280 kvadratmeter scenegolv er måla etter at teatersesongen er over. For tida blir lysutstyret overhalt, og i juni skal eg på kurs i sceneteknikk. Årskontrollen av sceneriggen gjekk glatt. Men riggen er gammal, så i mars 2002 brukte eg eit par veker på å betre trekka etter å ha rådført meg med fagfolk. Scenen får no omsider monitorar, og multikablane er sjekka opp og lodda over. Riggen og lyd- og lysutstyret blir utsette for ganske røff behandling av folk med litt ulik bakgrunn; høgdepunktet denne våren var da nokon sølte Cola i den store miksaren vår. Lenge sidan sist, men alt er mogeleg når Sørlandet er i 100!

* Lenkje i katte-animasjonen til ei av mange vevsider om Eadweard Muybridge

[ til toppen ]

Grimstad

Sørlandet er eit ferieparadis med rolege forhold vinterstid. I Grimstad aukar folketalet gradvis frå påskeferien av, og på sommaren er det bra trøkk i byen og på sjøen – 30.000 mot normalt 18.000 menneske. Ved skolestart blir byen raskt tømd – sist haust så plutseleg at eg lurte på om byen var evakuert over natta ...

Det er vanskeleg å få fersk kaffi i Grimstad. Men Laura's Coffee Bar i Rådhusgata i Kristiansand, ein time unna, har den nest beste kaffien eg har smakt nokon gong, etter Dromedar i Trondheim. I Det Lindvedske hus ved Pollen i Arendal blir det òg lagd god kaffi. Begge stader har nydelege kalkunsmørbrød.

Klimaet i Grimstad er det mildaste eg har opplevd her til lands. Vinteren minner meg om ei oppleving i januar 1994. Are Mo skulle stille ut den første møbelkolleksjonen sin i Køln, og eg blei leigd inn til å frakte møbla ned frå Trondheim. På returen havarerte motoren på Land Rover-en, og det tok nesten 14 dagar før stempelstaga kom frå England. Eg var stranda i Bielefeld i Nord-Tyskland, og fekk rikeleg med tid i Teutoburger Wald. Noko så enkelt som mild kontinental vinter overraska meg. I staden for snø og slaps var det skodde og regn, og bakken var ikkje frosen. Etter dette blei eg forviten på klima, og eit halvt år seinare var eg på Svalbard.

Verdensveven

I vinter brukte eg mykje tid på å lære meg å lage enkle vevsider, vev- eller websider. Somt plukka eg opp ved å kikke på koden til andre, og somt frå bøker og magasin om emnet. Gamle venner som framleis arbeider med layout har vore til stor hjelp, og eg har kjøpt tenester for å løyse somme problem.

Det er snart ti år sidan eg sjølv jobba med utforming av sider for lag og organisasjonar i Trondheim, men eg huskar godt kor krevjande og omstendeleg arbeidet var. Og det gjekk kaldt nedover ryggen på meg da eg i desember 2001 skjønte at eg måtte lære meg HTML for å få eit tilfredsstillande resultat. 14-timars dagar er ikkje nytt, men intenst og krevjande, og det er litt sært å løyse dataproblem i drøyme, om natta. Vevsidene har i dag eit litt for tydeleg preg av tidlegare erfaring med layout på papir. Etter kvart vil eg ta inn fleire bilete og ein del lydfiler, for å utnytte moglegheitene i vevmediet betre.

Første gongen eg møtte omgrepet hypertekst, var i ei samtale med Bjørn Sørenssen på seinsommaren 1990. (Filmklubben trykte ein tekst der han trekte liner frå Egil Skallagrimsson til samuraien Clint Eastwood!) Frå hausten 98 fekk eg endeleg fri tilgang til verdsveven. I august-september 2000 planla eg vevstaden, og no føre sommaren 2002 er grunnstrukturen endeleg på plass. Det har teke si tid, men no kan eg utdjupe tekstane og gjere dei til eigentlege hypertekstar.

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no