Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Sommaren 2001

Her er du no :: www » nn » blogg » +2001+

2001

Sidan midten av januar har eg vore driftsteknikar ved Grimstad Kulturhus. Jobben er å vise film på dagtid, leige ut utstyr og halde utstyr og installasjonar operative og i forskriftsmessig stand. Sceneriggen er til dømes nyleg sertifisert.

Dei faga eg har mest nytte av i jobben er fysikk, logikk og offentleg forvaltning. Nøytraliteten ein lærer i offentleg forvaltning er eit godt utgangspunkt for å møte leverandørar, servicefolk, administrasjon og kundar på ein sakleg og profesjonell måte. Logikken er god å ha når ein skal leite etter mekaniske og elektriske feil. Den er òg god å ha når ein skal forstå komplekse system med gjensidig avhengige faktorar. Medan fysikk på tredje året frå vidaregåande skole er nyttig for å forstå mekanikken i det heile.

Kart over Agder-fylka, eit eksotisk område som eg no har eit nettverk i

Kulturhuset blei opna 6. desember 1985, med tre salar kalla opp etter litterære verk knytt til Grimstad. Catilina på 415 plassar fekk namn etter eit stykkje Henrik Ibsen skreiv mens han budde her i åra 1844-49. Salen blir brukt til kino og teater, har B-scene og orkestergrav og tilfredsstiller krava til Riksteatret. Den nest største salen, med 109 plassar, er ein rein kinosal og kalla opp etter romanen Pan av Knut Hamsun. Frå 1918-52 budde han på Nørholm i Grimstad. Den minste kinosalen har 50 setar og fekk namn etter Landvik-forfattaren Kristen Stalleland sin nynorske tekst Vesle Hallvard frå 1905. I tillegg er det kiosk og ein del større og mindre rom for teater- og musikkøving, utstillingar, møte, foredrag og anna ...

Det er eit aktivt teatermiljø på Sørlandet, og den største salen vår blir ofte brukt til oppsetjingar. Lokale og regionale krefter set opp revyar og lettare underhaldning, mens Riksteatret er innom med dei fleste av sine turnéar. Catilina blir leigd ut med eller utan lyd- og lysutstyr, og eg steller for lokale og gjestande leigetakarar.

Kortfilmfestivalen brukar kulturhuset kvart år. Eit par dagar før det brakar laus kjem ein gjeng med teknikarar ned for å stille om maskinrommet til sin bruk. Etter ei intens veke forsvinn dei som dogg for sola, og vi set hus og maskineri tilbake til vanleg stand slik at vi kan ha vanlege framsyningar nokre timar seinare.

Det blir stort sett berre praktiske gjeremål på meg, så arbeidslivet er korkje gloriøst eller kulturfagleg utfordrande. Som fagleg påfyll tek eg faget Film og kino, fem vekttal fordjuping i kulturfag ved Høgskolen i Telemark, Bø. Det passar godt som intellektuell motvekt til dagar fulle av praktiske gjeremål. Fritida blir elles brukt på radiolytting, aviser, språk, kunst, film og livet sine gode sider.

Korrigert Vevadresse for Mayhem: 19. mars 2006!

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no