Haust og vinter 2000-01
Seinhaustes 2000 jobba eg for Teater Osiris i Trondheim. Teateret er eit småskalateater, bygd opp omkring førestellinga "Hjortefot og Kristiansen" til skodespelaren Roar Kjølv Jenssen. Ved årsskiftet var ho spelt snart 200 gonger og sett av nesten 35.000 born og vaksne i Sør- og Midt-Noreg.
I november hadde eg ein mindre operasjon, incisjon, kor ein betent slimpose framfor kneet blei fjerna. Etterpå sende nervetrådane i og rundt kneet uvanlege signal til hjernen, og eg hadde dårleg styring og merkeleg gange i lang tid.
I desember var eg på jobbintervju i Grimstad i Aust-Agder, kor eg blei møtt av hyggelege folk. Stillinga som driftsteknikar ved Grimstad Kulturhus hadde eit klart definert innhald med gode moglegheiter for utvikling. Eg flytte ned i januar og fekk ansvar for vedlikehald og utleige av kino-, lys- og lyd-, og sceneteknisk utstyr.
Ein del av det lyd- og scenetekniske kjende eg frå før av gjennom engasjementa for Uffa, Trondheim filmklubb og Kulturstyret på Svalbard. I Grimstad får eg arbeide på område eg ikkje kjenner godt nok frå før av. Nedslitne kinomaskinar og system for styring gjer jamt med utfordringar innan mekanikk, optikk og elektronikk.
Litt oppfrisking av geografikunnskapane, kanskje? Kjem du austfrå, frå Grenland med Skien og Porsgrunn, kjem du først til Bamble kommune, med Stathelle og Langesund. Folk byrjar å skarre etter Kragerø, som er den sørvestlegaste kystkommunen i Telemark. Det eigentlege Sørlandet består av Aust- og Vest-Agder fylke. Her ligg paradisiske småstader på rekkje og rad. Nedover E18 passerar du gjennom kommunane Risør, Tvedestrand med Lyngør, Arendal med Tromøya, Grimstad med Fevik, Vik og Homborsund, og til slutt Lillesand med Brekkestø og Gamle Hellesund. Så kjem fylkesgrensa til Vest-Agder, og du er i Kristiansand kommune. Grimstad ligg 21km vest for Arendal og 50km aust for Kristiansand, nesten på sydspissen av kartet.
Åge/Trønderhjem :: 2000
Neste blogg :: oversyn = førre blogg
aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508
Denne sida blei sist endra :: 03. April 2008 :: ©
www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no

